Kva skjer på Nordre Sunnmøre?

Få ei oversikt over kommande og tidlegare arrangement frå Nordre Innovasjonsforum.

Robotekseminar 2026
okt.
27.

Robotekseminar 2026

Spanande program ved Robotekseminaret tirsdag 27. oktober

Foreløpig program kan by på:

“Fjordlab Ålesund, eit levande laboratorium i verdsklasse! v/Øivind Kjerstad, NTNU Ålesund

“Konkurransekraft - korleis skal vi fortsatt produsere i Norge?” v/produksjonssjef Aake Falch Gundersen, Kvenna AS

“Frå sommarjobb til å bli leiar i Kongsberg Automation” v/Benedicte Sinnerund, Kongsberg Automative, Raufoss

“Korleis lykkast med industriproduksjon i Norge?” v/Magne Gøran Lyngstad, VP QA Production Engineering, Brunvoll AS

Fleire programpostar kjem!

Du kan lese meir her og melde deg på: Robotek Seminar 2026 | Robotek As

 
 
Vis arrangement →

Næringspub
sep.
30.

Næringspub

Velkomen til næringspub på Haramsøya!

Nordre Innovasjonsforum og Møteplass Nordøyane inviterar til næringspub onsdag 30. september med tema energi og kraftproduksjon, på Barius & Kaktus på Austnes.

Næringspub er ein uformell og sosial møteplass der du får bli kjent med næringslivet på Nordre Sunnmøre og treffe andre som bur og jobber her.

Kveldens program:

  • Korleis er kraftsituasjonen i regionen og kva kan vi gjere? v/konsernsjef Tafjord Kraft AS, Erik Espeset

  • Presentasjon av Haram Kraft AS v/dagleg leiar, Joakim Egeberg

  • Mingling og sosialt.


Puben er sjølvsagt open og det er mogleg å kjøpe seg noko å bite i.

Næringspuben er gratis og open for alle! Velkommen!

Det er også mogleg å få kome på synfaring oppe på Haramsfjellet til vindturbinane. Denne synfaringa vert kl 16:30 med start frå Barius & Kaktus. Her ber vi om påmelding!


Vis arrangement →
Årsmøte i Nordre Innovasjonsforum
juni
22.

Årsmøte i Nordre Innovasjonsforum

Velkomen til årsmøte i Nordre Innovasjonsforum!

Nordre Innovasjonsforum invitera til årsmøte ved Ingebrigt Davik-huset i 2 etasje

Agenda:

1 Velkommen v/ styreleiar Rune Longva

2 Ordinære årsmøtesaker:

2.1 Godkjenning av innkalling

2.2 Val av ordstyrer og to til å skrive under protokollen

2.3 Årsmelding/årsberetning

2.4 Rekneskap

2.5 Fastsetting av medlemskontingent

2.6 Budsjett 2026

2.7 Val

2.8 Evt. innkomne saker

Enkel servering

Velkommen!


Vis arrangement →
Jobbmesse for arbeidssøkarar og lokalt næringsliv
mai
28.

Jobbmesse for arbeidssøkarar og lokalt næringsliv

Jobbmesse for arbeidssøkarar og lokalt næringsliv

Torsdag 28. mai inviterer Nordre Innovasjonsforum, NAV Haram og Haram kommune arbeidssøkarar og lokalt næringsliv til jobbmesse på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg.

– Næringslivet treng arbeidskraft og kompetanse, og mykje av den kompetansen finst her allereie. Med ei lokal jobbmesse håper vi å kunne matche riktig kandidat med riktig bedrift på ein god og effektiv måte, seier prosjektleiar for næringsliv i Haram kommune, Elisabeth Ulla Uksnøy.  

Program:

  • 12:00 - Bedriftene presenterer seg sjølv og arbeidsmoglegheitene sine i kinosalen.

  • 13:00 - Bedriftene har stand for messedeltakarane i konferansesalen.

Jobbmessa er ei satsing for å få fleire ut i arbeid i Haram og omland. Derfor har ein vore grundig med å kartlegge både kompetansen til arbeidssøkarane og rekrutteringsbehovet til bedriftene.  

– Når målet er å få flest mogleg ut i jobb, er det viktig for oss at bedriftene som kjem på messa har behov som treff med erfaringa og kompetansen til kandidatane, seier Arild Klokk-Jensen, leiar for NAV Haram. 

Kontakt oss

Har du spørsmål eller ønsker å delta? Ta kontakt med NAV Haram eller prosjektansvarlege i Haram kommune:

Arild Klokk-Jensen 
Leiar NAV Haram 
arild.jensen2@nav.no 
98 41 61 00 

Signe Grønningsæter 
Moglegheitskoordinator NAV Haram 
signe.gronningseter@nav.no  
41 76 74 87 

Elisabeth Ulla Uksnøy 
Prosjektleiar næringsliv i Haram kommune
elisabeth.ulla.uksnoy@haram.kommune.no 
45 67 06 18 

Inger Synnøve Remme 
Næringssjef i Haram kommune 
inger.synnove.remme@haram.kommune.no  
99 42 41 39 

Vis arrangement →
Næringspub
mars
25.

Næringspub

Velkomen til næringspub på Haramsøya!

Nordre Innovasjonsforum og Møteplass Nordøyane inviterar til årets første næringspub onsdag 25. mars, på Barius & Kaktus på Austnes.

Næringspub er ein uformell og sosial møteplass der du får bli kjent med næringslivet på Nordre Sunnmøre og treffe andre som bur og jobber her.

Kveldens program:

  • Bli kjent med Nordre Innovasjonsforum.

  • Presentasjon av Næringsforeninga i Ålesundsregionen v/Heidi Nakken.

  • Presentasjon av Sunnmørsmat og Sunnmørsegg.

  • Mingling og sosialt.

Puben er sjølvsagt open og det er mogleg å kjøpe seg noko å bite i.

Næringspuben er gratis og open for alle! Velkommen!


Vis arrangement →
Haramskonferansen 2026
feb.
10.

Haramskonferansen 2026

Årets tema

Temaet «VEKSTKRAFT», viser til verdensbiletet og kapasiteten til å utvikle seg og kva dette betyr for ein liten, open økonomi som Norge. Kva skjer innan geopolitikk, sikkerheit og beredskap og korleis påverkar dette næringslivet vårt? Vi opplever knappheit på ressursar, kraftmangel og klimakrise. Vi treng arbeidskraft; både høgt utdanna og yrkesarbeidarar. Vi må jobbe for å motvirke utanforskap, rekruttere breidt og integrere godt. Korleis tek vi tak i dette frå lokalt hald? Vekstkraft og endringar kan også opne nye dører. Kva moglegheitsrom står næringslivet vårt overfor?

Haramskonferansen blir arrangert for trettande gong, og er ein sentral møteplass på Sunnmøre for både næringsliv, utdanningssektor, og det offentlege. 

 
 

Om Haramskonferansen

Nordre Innovasjonsforum, i samarbeid med Haram kommune, NTNU og Ålesund kunnskapspark (ÅKP) er i gang med planlegging av neste års Haramskonferanse. Denne næringskonferansen har sidan 2012 vokse fram som ein sentral møteplass for arbeidslivet på Sunnmøre. Her treffast små og store bedrifter, utdanningssektor og det offentlege til ein fagleg inspirerande dag i Brattvåg med relasjonsbygging og spennande debattar.

Vis arrangement →