Nordre Innovasjonsforum inviterar til næringspub torsdag 4. juni, på Brattvåg Fjordhotell.
Næringspub er ein uformell og sosial møteplass der du får bli kjent med næringslivet på Nordre Sunnmøre og treffe andre som bur og jobber her. Ta med deg ein venn eller kollega og kom innom for ein sosial og hyggeleg kveld!
Kveldens program:
Brattvåg Fjordhotell: Korleis drive suksesshotell i ei lita bygd.
Longva kunstnarresidens: Kunst som drivkraft for verdiskaping, stadsidentitet og lokal utvikling.
Lynkurs i LinkedIn: Kvifor bør du poste og korleis kjem du i gang?
Puben er sjølvsagt open og det er mogleg å kjøpe seg noko å bite i.
Næringspuben er gratis og open for alle! Velkommen!