Møte for deg som har ein draum eller
idé om å utvikle noko på garden din.
Og for deg som har ein draum om å kjøpe deg eit småbruk ein gong.
Haram og Ålesund kommune inviterer
til to like møte
Tirsdag 24. mars kl. 18 - 20
Sjøholtvegen 19, 6240, Ørskog
Mandag 23. mars kl. 18 - 20
31 Vollane, 6280, Søvik
Om arrangementet
Garden som ressurs – inspirasjons- og informasjonsmøte
Har du lyst å utvikle nye moglegheiter på eigen gard? Då er dette møtet for deg!
Bli med på ein inspirerande kveld der du møter landbrukskontoret og hoppid.no, som vil dele informasjon om ordningar, tilskot og moglegheiter for deg som vurderer tilleggsnæring eller vidare utvikling på garden.
Vi får besøk av Finvik gard, som vil fortelle om reisa si frå idé til dagens drift – og om visjonane dei har for tida framover.
Målet med møtet er å inspirere, gi nyttig kunnskap og skape kontakt mellom lokale gründarar og støtteapparatet. Vi ønskjer å stimulere til meir samarbeid, engasjement og verdiskaping i landbruket, og satsar på skikkeleg inspirasjonspåfyll denne kvelden!
Program
Velkomen v/ hoppid.no
Informasjon frå hoppid.no
Informasjon frå Innovasjon Norge
Informasjon frå Landbrukskontoret
Lokalt døme: Finvik gård
Spørsmål og diskusjon
Har du ein idé eller ein draum knytt til garden din? Då er dette ei flott moglegheit til å få både inspirasjon og rettleiing – og til å møte andre som også vurderer å starte opp noko nytt.
Vi oppmodar alle som driv gard, er nysgjerrige, eller vurderer å utvikle ny næring på garden, om å melde seg på.
Møtet er gratis, og det vert servert lett mat og drikke.
Meld deg på via lenka! Hugs å krysse av for kva møte du ønskjer å delta på.