Bli medlem i Nordre Innovasjonsforum
Vil du vere med å påverke utviklinga på Nordre Sunnmøre?
Medlemsfordelar
Som medlem i Nordre Innovasjonsforum får du
vere med å påverke kva saker vi skal arbeide med
eit nettverk av bedrifter i regionen
delta på møter og arrangement for medlemmar
synlegheit i Nordre Innovasjonsforum sine sosiale medium, på messer og liknande
gunstige priser på konferansar
Kven kan bli medlem?
Nordre Innovasjonsforum er for deg som driv eller leiar ei bedrift her på Nordre Sunnmøre.
Medlemsbedriftene er eit bredt spekter av bransjar, storleikar og næringar, som til saman representerer det lokale næringslivet. I foreininga har alle ei viktig stemme i arbeidet med å utvikle regionen vidare.
Medlemmene er hovudsakleg frå Haram og tidlegare Sandøy kommune, men vi har også medlemmar utanfor kommunegrensene.
Vi ønsker at så mange som mogleg skal kunne ta del i næringsutviklinga i regionen vår.
Derfor er medlemskontingenten berre 1000 kroner i året.