Årets tema
Temaet «INTELLIGENS», viser til endring og omstilling til utdanning, arbeidsliv og kapasiteten til å utvikle seg for framtida. Vi oppleve knappheit på ressursar, kraftmangel og klimakrise. Vi treng arbeidskraft; både høgt utdanna og yrkesarbeidarar. Vi må jobbe for å motvirke utanforskap, rekruttere breidt og integrere godt. Korleis tek vi tak i dette frå lokalt hold? Vekstkraft og endringar kan også opne nye dører. Korleis kan ein nytte KI som motor for framtidas kompetanse, innovasjon og verdiskaping? Kva er moglegheitene og utfordringane?
Haramskonferansen blir arrangert for 14. gong, og er ein sentral møteplass på Sunnmøre for både næringsliv, utdanningssektor, og det offentlege.
Endeleg program vert slept i desember, men vi kan allereie no avsløre nokre innleiarar.
Vi har gleda av å presentere Øystein Olsen som foredragshaldar på Haramskonferansen 2027.
Frå 2011 til 2022 var Øystein Olsen sentralbanksjef i Noregs Bank, ein periode prega av store økonomiske utfordringar og omfattande endringar. Olsen har spela ei sentral rolle i utforminga av norsk økonomisk politikk og har over 30 års erfaring frå viktige stillingar i norsk økonomi, mellom anna i Statistisk sentralbyrå og Finansdepartementet.
Som ein av arkitektane bak handlingsregelen og inflasjonsmålet har han hatt avgjerande innverknad på rammeverket for norsk økonomi. Dette gjer han til ei viktig røyst i aktuelle debattar om pengepolitikk og bruken av oljeinntekter. I dag deler Olsen kompetansen sin som økonom tilknytt tankesmia Civita, der han framleis bidreg til viktige diskusjonar om Noregs økonomiske framtid.
Morten Goodwin, professor, foredragshaldar og AI-entusiast, kjem òg. I
dag underviser han i kunstig intelligens på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, og er ei sentral røyst innan digitalisering og AI i Noreg. Som forskar, samfunnsdebattant og formidlar er Goodwin kjend for evna si til å gjere kompliserte teknologiske tema forståelege og relevante.
Han er ein av Noregs fremste ekspertar på kunstig intelligens og kombinerer fagleg tyngd med ei formidlingsevne få kan måle seg med. Goodwin er særleg oppteken av korleis AI ikkje berre er ein teknologisk revolusjon, men òg ein praktisk ressurs som formar samfunnet vårt, både no og i framtida. Der andre tyr til hype og science fiction, leverer han fakta, forsking og ekte innsikt.
Konferansier er Jannicke Farstad.
Om Haramskonferansen
Nordre Innovasjonsforum, i samarbeid med Haram kommune, NTNU og Ålesund kunnskapspark (ÅKP) er i gang med planlegging av neste års Haramskonferanse. Denne næringskonferansen har sidan 2012 vokse fram som ein sentral møteplass for arbeidslivet på Sunnmøre. Her treffast små og store bedrifter, utdanningssektor og det offentlege til ein fagleg inspirerande dag i Brattvåg med relasjonsbygging og spennande debattar.