Tilbake til alle arrangementer

Garden som ressurs - Bedriftsbesøk

Møte for deg som har ein draum eller
idé om å utvikle noko på garden din.

Og for deg som har ein draum om å kjøpe deg eit småbruk ein gong.

 

Tre bedriftsbesøk på Nordøyane

 

Om arrangementet

Garden som ressurs – bedriftsbesøk

Har du lyst å utvikle nye moglegheiter på eigen gard? Då er dette for deg!

Bli med på inspirerande bedriftsbesøk til tre ulike gardar ute på Nordøyane. Vi stiller med buss frå Skjelten, parkeringsplass før Lepsøybrua, med avreise kl 17.30!

Målet med møtet er å inspirere, gi nyttig kunnskap og skape kontakt mellom lokale gründarar og støtteapparatet. Vi ønskjer å stimulere til meir samarbeid, engasjement og verdiskaping i landbruket, og satsar på skikkeleg inspirasjonspåfyll denne kvelden!

Program

  • Avreise frå Skjeltene kl 17.30 - presis

  • Bedriftsbesøk Sunnmørsegg

  • Bedriftsbesøk Longva Kunstnarresidens

  • Bedriftsbesøk Olav Reenskaug Fjørtoft og Ann Mari Bjørnøy

Har du ein idé eller ein draum knytt til garden din? Då er dette ei flott moglegheit til å få både inspirasjon og rettleiing – og til å møte andre som også vurderer å starte opp noko nytt.

Vi oppmodar alle som driv gard, er nysgjerrige, eller vurderer å utvikle ny næring på garden, om å melde seg på.

Møtet er gratis, og det vert servert lett mat og drikke.

 

Meld deg på til: inger.synnove.remme@haram.kommune.no!

Førstemann til mølla!

Forrige
Forrige
19. november

Næringspub

Neste
Neste
16. februar

Haramskonferansen 2027