Jobbmesse for arbeidssøkarar og lokalt næringsliv
Torsdag 28. mai inviterer Nordre Innovasjonsforum, NAV Haram og Haram kommune arbeidssøkarar og lokalt næringsliv til jobbmesse på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg.
– Næringslivet treng arbeidskraft og kompetanse, og mykje av den kompetansen finst her allereie. Med ei lokal jobbmesse håper vi å kunne matche riktig kandidat med riktig bedrift på ein god og effektiv måte, seier prosjektleiar for næringsliv i Haram kommune, Elisabeth Ulla Uksnøy.
Program:
12:00 - Bedriftene presenterer seg sjølv og arbeidsmoglegheitene sine i kinosalen.
13:00 - Bedriftene har stand for messedeltakarane i konferansesalen.
Jobbmessa er ei satsing for å få fleire ut i arbeid i Haram og omland. Derfor har ein vore grundig med å kartlegge både kompetansen til arbeidssøkarane og rekrutteringsbehovet til bedriftene.
– Når målet er å få flest mogleg ut i jobb, er det viktig for oss at bedriftene som kjem på messa har behov som treff med erfaringa og kompetansen til kandidatane, seier Arild Klokk-Jensen, leiar for NAV Haram.
Kontakt oss
Har du spørsmål eller ønsker å delta? Ta kontakt med NAV Haram eller prosjektansvarlege i Haram kommune:
Arild Klokk-Jensen
Leiar NAV Haram
arild.jensen2@nav.no
98 41 61 00
Signe Grønningsæter
Moglegheitskoordinator NAV Haram
signe.gronningseter@nav.no
41 76 74 87
Elisabeth Ulla Uksnøy
Prosjektleiar næringsliv i Haram kommune
elisabeth.ulla.uksnoy@haram.kommune.no
45 67 06 18
Inger Synnøve Remme
Næringssjef i Haram kommune
inger.synnove.remme@haram.kommune.no
99 42 41 39