Nordre Innovasjonsforum
er ein viktig aktør i arbeidet med utvikling av Haram kommune
Vil du vere med å påverke utviklinga?
Eit ressurssenter for læring, stimulering til idéskaping og næringsutvikling i regionen
Kva vi skal oppnå
Nordre Innovasjonsforum skal gjennom strategiske samarbeid sørge for at det blir arbeid på ein god og systematisk måte med næringsutvikling på Nordre. Forumet ønsker å ta tak i saker som omhandlar gode rammevilkår for det lokale næringslivet, inkludert å sikre tilgang på nødvendig kompetanse og arbeidskraft. Utvikling av Haram vidaregåande skule blir blant anna ei viktig sak framover.
Haramskonferansen 2026
Takk for i år! Haramskonferansen 2026 gav ei tydeleg påminning om kor viktig det er å forstå verdsbiletet vi står i, og kva det betyr for eit lokalt næringsliv som vil utvikle seg vidare.
Vekstkraft handlar ikkje berre om å vekse, men òg om evna til å møte endring. Gjennom innlegg frå politikk, forsking og industri fekk vi innsikt i alt frå korleis geopolitikk, tryggleik og beredskap påverkar den lokale næringa, til moglegheitsrommet for ny industri, teknologi og samarbeid.
Takk til foredragshaldarar, samarbeidspartnarar, sponsorar og ikkje minst publikum for ein tankevekkande og inspirerande dag!
Starten
Nordre Innovasjonsforum vart etablert onsdag 11. juni 2025.
Foreininga skal arbeide for å fremje eit konkurransedyktig og allsidig næringsliv og attraktivt lokalsamfunn i Haram og tidlegare Sandøy kommune. Forumet skal vere eit ressurssenter for læring og stimulering til ideskaping og næringsutvikling i regionen og vere kjent for tett samarbeid med Haram kommune, utdanningsinstitusjonar og andre instansar og organisasjonar på lokalt og regionalt nivå.
Bilde: F.v. Arnt Inge Gjerde, Tommas Brugrand, Catrine Myklebust, Inger Synnøve Remme, Rune Longva, Juuni Vatne, Norun Sønderland Nustad, Håkon Sæterøy, Jan-Magnus Knudsen, Vebjørn Krogsæter, Arvid Sundli, Arild Eiken og Anne Seth